3. Vern mot diskriminering
3.1 Menneskerettslege rammer
Forbodet mot diskriminering følgjer mellom anna av Grunnlova, og det følgjer av § 98 (2) at ingen skal verte utsett for usakleg eller uforholdsmessig forskjellsbehandling. I føresegna er ingen spesifikke grupper nemnde, men det følgjer av grunnlovsførearbeida at domstolane i første omgang må forholde seg til ordinær lov for å tolke forbodet mot diskriminering.12Dok. 16 (2011) pkt. 26.6.2.3., s. 146, og Innst. 186 S (2013–2014) s. 25. Føresegna er meint å fungere som ein tryggleiksventil i tilfelle der anna regelverk eventuelt skulle mangle.13Ibid. Det følgjer også av grunnlovsførearbeida og praksisen til Høgsterett at føresegna skal verte tolka i lyset av de internasjonale førebileta. Diskrimineringsgrunnlaga som følgjer av dei internasjonale konvensjonane skal med andre ord leggjast til grunn.14Sjå nærare om dette i pkt. 2.1 i rapporten.
Dei fleste internasjonale menneskerettskonvensjonane som Noreg er bunden av inneheld eit forbod mot diskriminering. Diskrimineringsvernet i EMK følgjer av artikkel 14, og slår fast at:
«The enjoyment of the rights and freedoms set forth in this Convention shall be secured without discrimination on any ground such as sex, race, colour, language, religion, political or other opinion, national or social origin, association with a national minority, property, birth or other status.»
Altså er verken seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk uttrykkeleg nemnde som verna diskrimineringsgrunnlag. Det følgjer likevel av EMD sin praksis at både seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk fell inn under grunnlaget «other status».15Sjå m.a. Karner v. Austerrike (40016/98) om seksuell orientering, og m.a. A.M m.fl. v. Russland (47220/18) med vidare henvisninger om kjønnsidentitet. Grunnlaget «other status», gir rom for at diskrimineringsvernet i konvensjonen kan utvide og endre seg i takt med tida og tilhøva, i tråd med utvikling og endringar i samfunnet.
Vernet etter EMK artikkel 14 er eit aksessorisk diskrimineringsvern. Det inneberer at vernet er knytt til andre rettar nedfelt i EMK. Det må med andre ord dreie seg om diskriminering sett i samanheng med ein eller fleire av dei andre rettane i konvensjonen, til dømes retten til privatliv eller retten til ytringsfridom. Det er likevel ikkje eit krav at ein annan rett må vere broten for at diskrimineringsvernet skal gjelde. EMD har slått fast at diskrimineringsforbodet etter EMK artikkel 14 kan vere brote sjølv om den andre aktualiserte retten i konvensjonen ikkje er broten.16Sjå t.d. Kafkaris v. Cyprus (21906/04), avsn. 159.
Diskrimineringsvernet i SP følgjer av konvensjonens artikkel 2 (1) og 26. Etter SP artikkel 2 (1) skal konvensjonsstatane
«ensure to all individuals within its territory and subject to its jurisdiction the rights recognized in the present Covenant, without distinction of any kind, such as race, colour, sex, language, religion, political or other opinion, national or social origin, property, birth or other status.»
Også dette vernet er eit aksessorisk diskrimineringsvern, på same måte som vernet etter EMK artikkel 14.
Eit meir generelt og sjølvstendig diskrimineringsvern følgjer av SP artikkel 26, som slår fast at «All persons are equal before the law and are entitled without any discrimination to the equal protection of the law», og at konvensjonsstatane «shall prohibit any discrimination and guarantee to all persons equal and effective protection against discrimination on any ground such as race, colour, sex, language, religion, political or other opinion, national or social origin, property, birth or other status».
Heller ikkje SP inneheld diskrimineringsgrunnlag som seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Menneskerettskomiteen har slått fast i ei einskildklagesak, G mot Australia at «other status» omfattar kjønnsidentitet.17Sjå G v. Australia (2172/2012), avsn. 7.2. Når det gjeld seksuell orientering har Menneskerettskomiteen i einskildklagesaker innfortolka seksuell orientering i diskrimineringsgrunnlaget «sex».18Sjå m.a. Toonen v. Australia (488/1992).
ØSK artikkel (2) inneheld tilsvarande diskrimineringsforbod som SP artikkel 2 (1). FNs komité for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar har i ein generell kommentar uttalt at «other status» i ØSK også omfattar seksuell orientering og kjønnsidentitet.19Sjå m.a. ØSK-komiteen, generell kommentar nr. 20 om ikkje-diskriminering i økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, E/C. 12/GC/20 (2009), avsn. 32, med vidare henvisningar, mellom anna til Yogyakarta-prinsippa.
FNs kvinnekonvensjon forbyr alle former for diskriminering av kvinner på alle samfunnsområde, jf. artikkel 2. Komiteen forstår diskrimineringsforbodet slik at også lesbiske og bifile kvinner og transkvinner, er omfatta av diskrimineringsforbodet.20FNs kvinnekomité, generell tilråding nr. 28 (2010) avsn. 18 og generell tilråding nr. 35 (2017), avsn. 12. Sjå også Hellum og Blaker Strand (2022), s. 106.
3.2 Norsk rett
3.2.1 Sivilrettsleg diskrimineringsvern – likestillings- og diskrimineringslova mv.
I norsk rett følgjer vernet mot diskriminering i hovudsak av likestillings- og diskrimineringslova (ldl.) og tilhøyrande lover og forskrifter.21Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (16.05.2017). Sjå også arbeidsmiljølova, husleigelova, mv., som også inneheld føresegner om forbod mot diskriminering. Føremålet med lova er å fremje likestilling og hindre diskriminering, jf. ldl. § 1 fyrste avsnitt. Likestilling er definert som likeverd, like moglegheiter, og like rettar, jf. andre avsnitt. Det følgjer vidare av tredje avsnitt at lova tek særleg sikte på å betre kvinner og minoritetar si stilling. I førearbeida er det presisert at minoritetar mellom anna omfattar kjønnsminoritetar og seksuelle minoritetar.22Prop. 81 L (2016–2017), s. 57.
Eit grunnpremiss som følgjer av førearbeida er at personar som bryt med tradisjonelle oppfatningar av kjønn og seksualitet, skal verte vurderte ut frå sine individuelle eigenskapar, heller enn stereotype forståingar, på same måte som ved andre verna grupper i lova.23I førearbeida er det presisert at eit lovfesta vern mot diskriminering på grunnlag av kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk bidreg til å oppfylle styresmaktene si plikt til å treffe alle eigna tiltak for å endre sosiale og kulturelle åtferdsmønster som byggjer på stereotype roller for menn og kvinner etter Kvinnekonvensjonen art. 5., sjå Prop. 88 L (2013-2013), s. 120. Sjå også Anne Hellum «Individets vern mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk: et vern på majoritetens premisser?» i Anne Hellum og Anniken Sørlie (reds.), Frihet, likhet og mangfold. Kjønnsidentitet og seksuell orientering i rettslig medisinsk og samfunnsvitenskapelig kontekst (Oslo: Gyldendal, 2021) s. 308.
Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 6 at diskriminering på grunn av mellom anna «seksuell orientering», «kjønnsidentitet» og «kjønnsuttrykk» er forbode. Vernet omfattar også diskriminering på bakgrunn av kombinasjonar av ulike grunnlag.
Diskrimineringsgrunnlaga «kjønnsidentitet» og «kjønnsuttrykk» vart tekne inn som verna grunnlag i 2013 gjennom lov om forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Samstundes fekk ein eit generelt diskrimineringsvern for «seksuell orientering». Alle dei tre grunnlaga er vidareført i dagens likestillings- og diskrimineringslov, og det er presisert i proposisjonen til lova at diskrimineringsgrunnlaga skal verte forstått på same måte som i den gamle lova.24Prop. 81 L (2016–2017) pkt. 30 s. 313.
Diskriminering er definert som direkte eller indirekte forskjellsbehandling., jf. ldl. § 6 fjerde avsnitt. Direkte forskjellsbehandling på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk er at ein vert behandla dårlegare enn andre vert, har vorte, eller ville ha blitt behandla i ein tilsvarande situasjon, på grunn av desse forholda, jf. § 6. Indirekte diskriminering er definert i ldl. § 8. Indirekte diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk er situasjonar der tilsynelatande nøytrale reglar og praksisar slår ut slik at lhbti+-personar vert dårlegare stilt enn andre.
Både indirekte og direkte forskjellsbehandling på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk kan likevel vere tillate, dersom den oppfyller unntaksvilkåra i ldl. § 9. Etter denne føresegna kan slik forskjellshandsaming vere tillate dersom den er naudsynt for å oppnå eit sakleg formål, og ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor den det gjeld.
3.2.2 Nærare om dei einskilde grunnlaga
Grunnlaget «seksuell orientering» gjeld i utgangspunktet både homofile, lesbiske, bifile og heterofile. Det er slått fast i førearbeida at sjølv om vernet i prinsippet også gjeld for heterofile, vert det sett på som å ha størst tyding for homofile, lesbiske og bifile. Grunnlaget inkluderer både seksuell orientering og seksuell praksis, og er relatert til kva kjønn ein person sin kjærleik og/eller seksualitet rettar seg mot.25Ibid. Det følgjer vidare av førearbeida at grunnlaget seksuell orientering vert avgrensa mot særlege seksuelle preferansar eller aktivitetar som vert utøvd uavhengig av kjønnet, kjønnsidentiteten eller den seksuelle orienteringa til ein person, som til dømes BDSM og fetisjisme.26Ibid., s. 96. Heller ikkje aseksualitet er verna.27Ibid.
Grunnlaget «kjønnsidentitet» refererer til det sjølvopplevde kjønnet ein person har. Dette kan vere samanfallande, eller vere annleis enn fødselskjønnet til personen, altså det juridiske kjønnet personen vart registrert med ved fødsel.28Sjå m.a. Hellum og Blaker Strand (2022), s. 111. Det er ikkje noko krav om medisinsk diagnose, kirurgisk behandling eller anna medisinsk kjønnsbekreftande behandling for å vere omfatta av grunnlaget, eller krav til at ein har endra juridisk kjønn.29Prop. 81 L (2016–2017), s. 313. Grunnlaget famnar vidt, og det følgjer av førearbeida at vernet mellom anna gjeld «transkjønnede, transseksuelle, transvestitter og personer som ikke opplever seg selv som mann eller kvinne».30Ibid. Lista i førearbeida er ikkje meint å vere uttømande. Det er likevel presisert at ein person si oppleving av å ikkje passe inn som kvinne eller mann, der dette ikkje er synleg for andre, eller ikkje er kjent eller har manifestert seg på ein annan måte, ikkje er omfatta.31Ibid., s. 119. Forkortinga BDSM står for bondage, dominans, sadisme og masochisme.
Grunnlaget «kjønnsuttrykk» refererer til korleis ein person uttrykker seg gjennom klede, oppførsel, utsjånad eller språk. Det viser til korleis ein person si kjønnsidentitet, bevisst eller ubevisst, vert uttrykt eller oppfatta av andre. Grunnlaget heng tett saman med både vernet av kjønnsidentitet og av seksuell orientering, ettersom diskriminering på grunn av desse grunnlaga gjerne heng tett saman med stereotypiske oppfatningar av kjønn.32Hellum og Blaker Strand (2022), s. 105.
Per i dag er ikkje intersex/interkjønn eit eige diskrimineringsgrunnlag i likestillings- og diskrimineringslova eller tilknytt regelverk. Etter førearbeida er interkjønn i lova si forstand eit samleomgrep for personar som er fødd med uklåre biologiske kjønnskarakteristika, til dømes gjennom utypiske hormon- og kromosomsamansetjingar, eller at ein er fødd med både eggleiar og sædleiar.33Prop. 81 L (2016–2017) s. 86 med vidare henvisningar. Sjå også Hellum (2021), s. 317, og Hellum og Blaker Strand (2022) s. 113-114. Om intersex/interkjønn som medisinsk omgrep, sjå m.a. Anne Wæhre, «Medisinsk perspektiv på behandling av medfødt variasjon i kroppslig kjønnsutvikling og kjønnsinkongruens hos barn og unge» i Hellum og Sørlie (2021), s. 201–209. Det følgjer likevel av førearbeida at intersex/interkjønnpersonar er omfatta av kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.34Prop 81 (2016–2017) s. 86 mvh. Intersex/interkjønnpersonar har også eit vern gjennom forbodet mot diskriminering på grunn av kjønn.35Ibid.
Det er verdt å nemne at lhbti+-personar også kan ha vern etter fleire diskrimineringsgrunnlag, til dømes ved å ha funksjonsnedsetjingar, eller å høyre til ei etnisk minoritetsgruppe. Særleg forbodet mot diskriminering på grunn av kjønn kan skape særlege spørsmål, ettersom kjønn kan overlappe med seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Eit døme er lesbiske eller bifile kvinner, som i nokre tilfelle vil kunne verte utsett for diskriminering som heng saman med at dei er kvinner, medan dei i andre tilfelle vil kunne verte utsett for diskriminering på grunn av den seksuelle orienteringa deira.36Hellum og Blaker Strand (2022), s. 105.
Eit anna døme er transkvinner, som både kan verte utsette for diskriminering på grunn av kjønnsidentiteten deira, men som også kan verte utsett for forskjellsbehandling på grunn av kjønn, på same måte som ciskvinner.37Ibid, s. 106. Kva grunnlag som kjem til bruk for personar som er omfatta av to eller fleire av dei verna grunnlaga, vil avhenge av ei konkret vurdering av den aktuelle situasjonen.38Ibid.
3.2.3 Strafferettsleg diskrimineringsvern – Straffelova sine føresegner om hatkriminalitet
I tillegg til det sivilrettslege vernet mot diskriminering mellom anna i ldl., inneheld også straffelova føresegner som forbyr diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.39Det nærare innhaldet i grunnlaga er det same som etter ldl.
Det følgjer av straffelova § 186 at det vert ilagd straff for «den som i ervervsmessig eller liknende virksomhet nekter en person varer eller tjenester på grunn av» ei rekkje ulike diskriminerings-grunnlag, inkludert seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk, jf. første avsnitt bokstav c og d. Etter føresegna er det også straffbart å nekte ein person åtgang til ei offentleg framsyning, oppvising eller annan samankomst på same vilkår som gjeld andre, på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.40Strl. § 186 andre avsn.
Straffelova sitt forbod mot hatefulle ytringar vert nærare omtalt i kapittel 4 i denne rapporten.