I dag, på FNs internasjonale dag for avskaffing av vald mot kvinner, publiserte GREVIO sin første rapport om Noregs etterleving av Istanbulkonvensjonen. Noreg får både ros og ris.
GREVIO, som står for Group of Experts on Action against Violence against Women and Domestic Violence, har i dag publisert sin første evalueringsrapport om Noregs etterleving av Istanbulkonvensjonen. I rapporten gjennomgår GREVIO korleis dei vurderer etterlevinga av plikta norske myndigheiter har til å førebygge, avverje, etterforske og straffeforfølgje vald mot kvinner og i nære relasjonar, og pliktene til å sikre vern og støtte for valdsutsette.
Rapporten er skrive på bakgrunn av GREVIOs besøk til Noreg hausten 2021, Noregs eigen statsrapport, og skyggerapportar frå mellom anna sivilt samfunn.
Kva er Istanbulkonvensjonen?
Istanbulkonvensjonen er Europarådets eigen konvensjon om førebygging og nedkjemping av vald i nære relasjonar. Den gir eit omfattande og heilskapleg rammeverk for korleis styresmaktene skal gjennomføre plikta til å førebygge og nedkjempe vald mot kvinner og i nære relasjonar i praksis.
Konvensjonen inneheld mellom anna føresegner om opplæring av fagfolk, krav til krisesenterdekning, tiltak for å gi vern til valdsutsette, forsking på og datainnsamling om vald, åtgang til å krevje skadebot og krav til finansiering av tiltak, for å nemne eit knippe.
Etter konvensjonen er myndigheitene forplikta til å arbeide målretta og koordinert på alle myndigheitsnivå. Konvensjonen anerkjenner også eit viktig premiss, nemleg at vald i nære relasjonar i stor grad er eit kjønna fenomen som i størst grad råkar kvinner.
Nokre hovudfunn i rapporten
GREVIO peikar på fleire positive ting i myndigheitene sitt arbeid for å hindre vald mot kvinner og i nære relasjonar. I rapporten viser GREVIO mellom anna til at Noreg har, og har hatt, nasjonale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar og mot valdtekt. Vidare vert det framheva i rapporten at Noreg har eit veletablert nettverk av både generelle og spesialiserte støttetenester for valdsutsette i alle delar av landet.
Samstundes identifiserer GREVIO ei rekkje utfordringar i myndigheitene sitt arbeid. I det følgjande peikar me på eit knippe av dei:
Hjelpetilbodet til valdsutsette – særleg om krisesenter
For det første peikar GREVIO på manglar i hjelpetenestetilbodet til nokre grupper valdsutsette kvinner. Sjølv om ein i Noreg har tilgang til mange ulike hjelpetenester for dei som opplev vald i nære relasjonar, sviktar desse i å dekkje dei særlege behova til nokre grupper kvinner. GREVIO peikar særleg på tilbodet til samiske kvinner, kvinner i aktiv rus og kvinner med funksjonsnedsetjingar.
I tillegg til dette framhevar GREVIO også nokre særlege utfordringar knytt til krisesentertilbodet i Noreg. I rapporten framhevar dei mellom anna at det er store variasjonar i både kvalitet på tilbodet og tilgjenge til krisesenter, og at fleire krisesenter slit med å oppretthalde eit tilstrekkeleg tilbod grunna utilstrekkelege økonomiske ressursar og geografiske utfordringar.
GREVIO oppfordrar derfor myndigheitene sterkt til å betre den geografiske spreiinga av krisesenter, og å sikre lik tilgang til eit krisesentertilbod for særleg utsette kvinner. Vidare tilrår GREVIO å sørge for å auke kompetansen på kultursensitivitet og kulturforståing hjå krisesentera, for å sørge for at behova og rettane til mellom anna kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn, inkludert samiske kvinner, vert ivaretekne på krisesenter.
Straffelovgjevinga om valdtekt og anna seksuell vald
GREVIO kritiserer også den norske straffelovgjevinga om valdtekt og anna seksuell vald.
Straffelova § 291 – med tittelen «valdtekt» – nemner straffbare typetilfelle der ein person kan verte straffa for å ha utført «seksuell omgang» med en annan. Ingen av desse er orientert rundt ei vurdering av samtykke frå fornærma si side til å gjennomføre ei seksuell handling, men nemner tilfelle der den fornærma per definisjon ikkje kan ha samtykka. Paragraf 297 kriminaliserer det å gjere ei «seksuell handling» mot nokon utan at hen har «samtykket i det». Det vil seie at dersom ein person gjer ei handling som ikkje fell inn under § 291 om valdtekt, så kan den falle inn under § 297.
GREVIO meiner at denne lovgjevinga ikkje oppfyller krava etter Istanbulkonvensjonen artikkel 36, som stiller krav til å sentrere straffelovgjevinga rundt samtykket til den fornærma. Etter ordlyden i Istanbulkonvensjonen artikkel 36 skal dei ikkje-frivillige («non-consensual») handlingane som er nemnde være kriminaliserte i nasjonal rett. Det betyr at straffelovgjevinga må kriminalisere «non-consensual acts of a sexual nature».
GREVIO oppfordrar norske myndigheiter til å endre straffelovgjevinga om seksuell vald for å sikre at straffelovgjevinga er sentrert rundt spørsmålet om det er gitt eit fritt samtykke eller ikkje frå fornærma.
Etterforsking og straffeforfølging
Vidare fremjar GREVIO kritikk av fleire element i både etterforskinga og straffeforfølginga av vald mot kvinner og i nære relasjonar. GREVIO oppfordrar myndigheitene til å styrke responsen i strafferettssystemet når det gjeld alle former for vald mot kvinner, og særleg vald i nære relasjonar, mellom anna ved å sørge for at ein oftare kan ta i bruk tiltak som elektronisk kontroll av mellom anna besøksforbod.
Andre sentrale innspel
GREVIO peikar også på manglar i statistikk knytt til vald og overgrep, og tilrår å sørge for disagregerte data kring alle former for vald mot kvinner og i nære relasjonar, der både kjønn, alder, form for vald og den valdsutsette sin relasjon til valdsutøvar kjem fram.
Vidare meiner GREVIO at mellom anna lovverket kring vald og overgrep ikkje i tilstrekkeleg grad eksplisitt anerkjenner kvinners særlege oppleving av kjønnsbasert vald.
Verktøykasse for myndigheitene
Istanbulkonvensjonen er ei menneskerettsleg nyvinning. Medan mange eldre menneskerettskonvensjonar inneheld generelt formulerte rettar og tilhøyrande plikter for staten, inneheld Istanbulkonvensjonen konkrete og svært detaljerte plikter for staten om korleis den kan førebygge, avverje, nedkjempe, etterforske og straffeforfølge vald mot kvinner og i nære relasjonar. Derfor er GREVIO svært konkrete og detaljerte i både rapporten og tilrådingane dei fremjar. Rapporten er eit godt verktøy for myndigheitene til å betre arbeidet sitt på valdsfeltet.
Les GREVIO sin rapport her (engelsk)
Les sivilsamfunnet, LDO og NIM sine skuggerapportar her.
NIM har også skrive ei rekkje rapportar, utgreiingar og høyringsinnspel om tematikk som GREVIO tek opp i sin rapport. Blant dei er innspel til straffelova sine reglar om seksuallovbrot, krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, rettane til valdsutsette barn og eldre, og stoda for samiske valdsutsette.