6. Vern mot vald og overgrep
6.1 Menneskerettslege rammer
6.1.1 EMK
I tillegg til at styresmaktene sjølv er forplikta til å ikkje utøve vald mot borgarane, er styresmaktene også forplikta til å sørge for at borgarane ikkje utfører slike handlingar mot kvarandre. Styresmaktene har ei menneskerettsleg plikt til å førebygge og avverje vald og overgrep mellom privatpersonar, der dette er ein kjend risiko eller føreseieleg for styresmaktene.
Det er óg ein plikt til å etterforske og straffeforfølgje vald og overgrep mellom private. Dette vert gjerne omtalt som sikringsplikta til staten. Plikta følgjer mellom anna av EMK artikkel 2 om retten til liv, EMK artikkel 3 om forbodet mot tortur, umenneskeleg og nedverdigande behandling, EMK artikkel 8 om retten til privatliv, og EMK artikkel 14 om diskrimineringsforbodet.95Styresmaktene si plikt til å verne borgarane mot vald og overgrep gjort av kvarandre følgjer også av andre konvensjonar, som FNs barnekonvensjon. Også Grunnlova inneheld tilsvarande plikter. Desse vil ikkje verte omtalt nærare her. EMD har lagt til grunn gjennom langvarig praksis at sikringsplikta oppstår i tilfelle der styresmaktene visste, eller burde ha visst, at det ligg føre ein reell og umiddelbar risiko for vald og overgrep. Dersom desse vilkåra er oppfylte, er styresmaktene forplikta til å setje i verk alle rimelege tiltak som kan hindre vald eller overgrep frå å skje. Det er opp til styresmaktene å velje kva tiltak dei vil setje i verk for å avverje risikoen, men det er krav om at tiltaka må vere praktiske, effektive og eigna til å avverje risikoen og gi effektivt vern.96Fra EMDs praksis, se f.eks. Opuz v. Tyrkia (33401/02) – kvinne utsatt for vold av tidligere ektemann, som også drepte sin tidligere svigermor; Z m.fl. v. Storbritannia (29392/95) – omsorgssvikt overfor barn; Irina Smirnova v. Ukraina (1870/05) – en eldre kvinne som delte leilighet med yngre menn ble utsatt for vold fra disse; V.C. v. Italia (54227/14) – en 15-årig jente ble del av en prostitusjonsring; Kurt v. Østerrike (62903/15) – barn utsatt for vold i nære relasjoner. Se også Rt. 2013 s. 588, avsn. 45–50 med videre henvisinger.
6.1.2 FNs kvinnekonvensjon
FNs kvinnekonvensjon inneheld ikkje noko eiga føresegn om vald. Kvinnekomiteen har likevel i ei generell tilråding slått fast at kjønnsbasert vald er ei form for kjønnsdiskriminering som er forbode etter konvensjonen.97FNs kvinnekomité, generell tilråding nr. 35 om vald mot kvinner.
Vidare har komiteen, som nemnt ovanfor, uttalt i generelle tilrådingar at lesbiske og bifile kvinner, samt transkvinner, også er omfatta av diskrimineringsvernet.98Sjå kap. 3 i denne rapporten. Dette gjelder også vernet mot kjønnsbasert vald.99FNs kvinnekomité, generell tilråding nr. 35 om vald mot kvinner.
6.1.3 Istanbulkonvensjonen
Istanbulkonvensjonen er Europarådet sin konvensjon om førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar. Konvensjonen er utvikla på bakgrunn av praksis frå mellom anna EMD og FNs kvinnekonvensjon. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2017. Den er derfor rettsleg bindande for Noreg, men den er ikkje tatt inn i norsk lov. Den har dermed heller ikkje forrang i norsk rett gjennom menneskerettslova (slik som mellom anna EMK). I samband med ratifikasjonen avga Noreg ei fråsegn om at konvensjonen, for Noreg sin del, skal gjelde alle som er utsett for vald i nære relasjonar, uavhengig av kjønn.
Konvensjonen vert gjerne kalla ein «gjennomføringskonvensjon», ettersom vald i nære relasjonar allereie er dekt av andre menneskerettskonvensjonar, men dei inneheld ikkje spesifikke reglar for korleis valdsforboda skal sikrast i praksis. Istanbulkonvensjonen inneheld derimot ei rekkje svært konkrete plikter for styresmaktene til å førebyggje, avverje, etterforske, kriminalisere og straffeforfølgje vald mot kvinner og i nære relasjonar, samt å sikre eit tilstrekkeleg hjelpetilbod.
Det følgjer av artikkel 4 (3) i konvensjonen at gjennomføringa av fråsegnene i konvensjonen særleg med omsyn til tiltak for å verne valdsutsette sine rettar, skal verte sikra utan diskriminering på noko grunnlag, slik som mellom anna kjønn, seksuell orientering eller kjønnsidentitet. I den forklarande rapporten til konvensjonen vert det framheva at lesbiske, homofile og bifile valdsutsette ofte risikerer å verte ekskluderte frå støttetenester for valdsutsette, på grunn av den seksuelle orienteringa si. Vidare vert det framheva at personar også kan oppleve diskriminering på bakgrunn av kjønnsidentitet.100Forklarande rapport til Istanbulkonvensjonen, avsn. 53.
Det er ei plikt etter konvensjonen at alle tiltak for å førebyggje vald skal ivareta dei særleg behova til «vulnerable persons».101Sjå art. 12 . Det følgjer av den forklarande rapporten til konvensjonen at «vulnerable persons» mellom anna inkluderer homofile, lesbiske, bifile og transpersonar.102Forklarande rapport til Istanbulkonvensjonen, avsn. 53. Også HIV-positive er nemnde. Tiltak skal vere individtilpassa, med andre ord ha den einskilde sine rettar og behov i sentrum.
Førebygging står sentralt i konvensjonen. Kapittel III i konvensjonen inneheld fleire konkrete førebyggingsplikter. Partane er generelt, etter artikkel 12 i konvensjonen, forplikta til å ved lov eller på annan måte å treffe tiltaka som er naudsynte for å førebygge alle former for vald som er omfatta av konvensjonen. Kapittelet inneheld mellom anna plikter til å drive haldningsskapande arbeid, sikre alderstilpassa undervisning om vald, overgrep og grensesetjing, og å sikre opplæring av fagfolk som på ulikt vis kan møte valdsutsette eller valdsutøvarar i sitt virke.103Istanbulkonvensjonen art. 13, art. 14 og art. 15.
Konvensjonen forpliktar styresmaktene til å ha ei kunnskapsbasert tilnærming til valdsarbeidet. Det inneberer mellom anna ei plikt til å innhente tilstrekkeleg forsking og statistikk om vald, støtte slik forsking, samt å undersøkje om tiltaka styresmaktene set i verk i valdsarbeidet fungerer i praksis. Styresmaktene har med andre ord plikt må sørge for forsking på vald mot lhbti+-personar, i tillegg til forsking på vald generelt.104Istanbulkonvensjonen art. 11.
Istanbulkonvensjonen inneheld også eit kapittel om vern og støtte til valdsutsette. Etter artikkel 18 skal styresmaktene ved lov eller på annan måte treffe tiltak som er naudsynte for å verne alle valdsutsette mot ytterlegare valdshandlingar. Vidare skal styresmaktene treffe tiltak for å sørge for at det finns eigna mekanismar for samarbeid mellom alle relevante statlege etatar i arbeidet med å verne og støtte valdsutsette.105Dette inkluderer mellom anna domstolane, den offentleg påtalemakta, andre rettshandhevingsorgan, lokale og regionale styresmakter, frivillige organisasjonar og andre relevante organisasjonar og aktørar. Kapittelet forpliktar også styresmaktene til å sikre tilstrekkelege generelle og spesielle hjelpetenesest som til dømes krisesenter og overgrepsmottak.106Istanbilkonvensjonen art. 24 og art 25.
Føresegna forpliktar også styresmaktene til å sikre dei særlege behova til «vulnerable persons» i alle verne- og støttetiltak, på same måte som med tiltak for å førebygge vald. Også i dette kapittelet i konvensjonen er mellom anna homofile, lesbiske, bifile og transpersonar rekna som «vulnerable.»
Istanbulkonvensjonen kapittel IV inneheld også plikter som særleg gjeld etterforsking og straffeforfølging. Kapittelet inneheld mellom anna plikter til å treffe dei tiltaka som er naudsynte for å sikre etterforsking og rettsforfølging av alle former for vald som er omfatta av konvensjonen, og at dette skjer utan unaudsynt opphald. Valdsutsette sine rettar skal verte ivaretekne på alle stadium i straffeforfølginga.107Istanbulkonvensjonen art. 30
Konvensjonen inneheld også eit eige kapittel om materiell rett, altså krav til nasjonal lovgjeving på valdsfeltet. Dette kapittelet inneheld ei fråsegn om skjerpande omstende. Etter artikkel 46 er styresmaktene forplikta til å ved lov eller på annan måte treffe tiltaka som er naudsynte for å sikre at mellom anna det faktum at ei straffbar handling vart utført mot ein person som var sårbar på grunn av særlege omstende, i samsvar med dei relevante føresegner i intern rett, kan vurderast som skjerpande ved utmåling av straff for handlingar som er fastsette som straffbare etter denne konvensjonen, i den grad dei ikkje allereie er en del av den straffbare handlinga. Også her er mellom anna homofile, lesbiske, bifile og transpersonar rekna som sårbare («vulnerable»), ifølgje den forklarande rapporten til konvensjonen.108Forklarande rapport til Istanbulkonvensjonen, avsn. 238.
6.2 Norsk rett
Ulik lovgjeving i Noreg skal verne personar mot vald og overgrep. Dette gjeld sjølvsagt også lhbti+-personar. Til dømes er valds- og overgrepshandlingar straffbart etter straffelova, og både politiet og andre offentlege tenestepersonar har lovpålagde avverjingsplikter.109Sjå nærare om hatkriminalitet i kap. 3 i denne rapporten. Vidare gir ei rekkje lover og forskrifter plikter til å sikre hjelpe- og støttetenester for valdsutsette.110Sjå t.d. krisesenterlova, som gir kommunane plikt til å sikre eit krisesentertilbod.
Straffelova sine valdsføresegner er ikkje utforma med eigne diskrimineringsgrunnlag nemnde, men det følgjer av straffelova § 77 bokstav i at det straffeutmålinga skal dra i straffeskjerpande retning at eit lovbrot har bakgrunnen si i mellom anna seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.
Eit anna døme på lovgjeving som skal verne personar mot vald og overgrep er at helse- og omsorgstenesta, etter ulike lover, har eit sjølvstendig ansvar for å bidra til at vald og seksuelle overgrep vert førebygd, avdekkja og avverja.111Sjå t.d. tannhelsetjenesteloven § 1-3 c, spesialisthelsetjenesteloven § 2-1 f, og helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 a.
I tillegg til lovgjeving, er nasjonale handlingsplanar eit sentralt verktøy styresmaktene brukar i arbeidet mot vald. Den førre regjeringa sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar inneheld ikkje nokre eigne tiltak som uttrykkeleg rettar seg mot lhbti+-personar, men inneheld tiltak som skal bidra til å førebygge og nedkjempe vald i nære relasjonar generelt.112«Frihet fra vold- Regjeringens handlingsplan for å forebygge og bekjempe vold i nære relasjoner 2021-2024».