5. Retten til kjønnsidentitet
5.1 Menneskerettslege rammer
5.1.1 Retten til kjønnsidentitet som del av retten til respekt for privatlivet
EMD har i ei rekkje avgjerder i løpet av dei siste tretti åra slått fast at kjønnsidentiteten til ein person er å rekne som eit personleg forhold som er verna av retten til privatliv etter artikkel 8.76Sjå vidare domshenvisingar i dette kapittelet.. Når det gjeld vernet av retten til privatliv etter SP artikkel 17, har FNs menneskerettskomité som nemnt ovanfor slått fast i ein einskildklagesak at kjønnsidentitet inngår i retten til privatliv etter føresegna.77Sjå G. v. Australia, avsn. 7.2.
Også Grunnlova § 102 gir ein kvar rett respekt til privatliv. Høgsterett har per i dag ikkje tatt eksplisitt stilling til om kjønnsidentitet er ein del av retten til privatliv etter § 102. Føresegna er likevel utforma etter inspirasjon frå EMK artikkel 8 og SP artikkel 17, og det følgjer av både førearbeida og praksis frå Høgsterett at føresegna skal verte tolka i lyset av dei folkerettslege førebileta og praksis frå internasjonale handhevingsorgan.78Sjå pkt. 2.1 i denne rapporten.
Retten til kjønnsidentitet, og det nærare innhaldet i denne, har i hovudsak blitt utvikla over tid gjennom EMD sin praksis, som inneberer ei dynamisk tolking av retten til respekt for privatlivet etter EMK artikkel 8. I det følgjande vil det i hovudsak verte fokusert på retten til kjønnsidentitet etter EMK og praksisen til EMD.
5.1.2 EMK artikkel 8
EMK artikkel 8 (1) gir alle rett til respekt for privatlivet sitt. Styresmaktene kan berre gjere inngrep i privatlivet dersom inngrepet er i samsvar med lov, og er naudsynt i eit demokratisk samfunn, jf. EMK artikkel 8 (2). Det å avstå frå å gjere inngrep vert ofte omtalt som styresmaktene sine negative plikter.
Styresmaktene har også ei positiv plikt etter EMK artikkel 8. Dette inneberer at dei også må setje i verk tiltak for å leggje til rette for retten borgarane har til privatliv.79Sjå m.a. Söderman v. Sverige (5786/08), avsn. 78. EMD har behandla ei rekkje saker om kjønnsidentitet og retten til respekt for privatliv.80For ein grundigare gjennomgang av rettsutviklinga over tid, sjå Daniela Alaatinoglu, Lars Andre Strøm Arnesen og Anniken Sørlie, «Retten til kjønnsidentitet og juridisk registrering av kjønn: utviklingslinjer frå menneskerettsdomstolens praksis og norsk rett» i Hellum og Sørlie (2021), s. 63–73. I så nært som alle sakene om kjønnsidentitet og endring av juridisk kjønn som har vore oppe for EMD, har domstolen handsama spørsmålet som eit spørsmål om staten sine positive plikter etter EMK artikkel 8.
Sentralt står EMD si avgjerd i Christine Goodwin mot Storbritannia frå 2002.81Christine Goodwin mot Storbritannia (28957/95). Saka gjaldt ei transkvinne som hadde gjennomgått kjønnsbekreftande behandling, men som ikkje fekk endre det juridiske kjønnet sitt. Som følgje av at ho ikkje fekk endra det juridiske kjønnet frå mann til kvinne opplevde ho ei rekkje utfordringar i ulike offentlege samanhengar. Blant dei var trakassering i samanhengar der det juridiske kjønnet hennar vart kjend, og at ho ikkje kunne inngå ekteskap med ein mann ettersom det ikkje var åtgang til å inngå likekjønna ekteskap i Storbritannia på dette tidspunktet.
I avgjerda slo EMD fast at staten var positivt forplikta etter EMK artikkel 8 til å formelt anerkjenne kjønnsidentiteten til personar som hadde gjennomgått kjønnsbekreftande behandling, ved å la dei endre sitt juridiske kjønn til det som samsvarte med kjønnsidentiteten deira.82EMD kom også til at det låg føre brot på retten til ekteskap etter art. 12. I samband med denne vurderinga uttalte EMD i avsn. 100. at det ikkje var slik at «biologiske» kriterium måtte vere avgjerande for korleis ein skulle forstå omgrepa «mann» og «kvinne» etter føresegna.
Avgjerda innebar eit skifte frå tidlegare avgjerder frå EMD i saker om kjønnsidentitet etter artikkel 8. I ei rekkje tidlegare saker frå 1980-talet framtil 2002 hadde EMD kome til at det ikkje låg føre brot på føresegna, mellom anna med henvisning til vid statleg skjønnsmargin og mangel på europeisk konsensus når det gjaldt anerkjenning av kjønnsidentiteten til transpersonar som hadde gjennomgått kjønnsbekreftande behandling.83Sjå m.a. Rees v. Storbritannia (89532/81), Cossey v. Storbritannia (10843/86), og Sheffield og Horsham v. Storbritannia (31–32/1997/815–816/1018–1019).
Året etter, i saka van Kück mot Tyskland, opprettheldt EMD standpunktet frå 2022. Domstolen uttalte mellom anna at «gender identity is one of the most intimate areas of a person’s private life», at «[e]lements such as, for example, gender identification, name and sexual orientation and sexual life fall within the personal sphere protected by Article 8» og at fordi «the very essence of the Convention being respect for human dignity and human freedom, protection is given to the right of transsexuals to personal development and to physical and moral security.»84Van Kück v. Tyskland (35986/97), avsn. 56 og 60.
EMD har i fleire saker sidan opprettheldt at kjønnsidentiteten er ein grunnleggjande del av retten til privatlivet, og at ein har rett til respekt for kjønnsidentiteten sin etter EMK artikkel 8.85Ibid.
Ei anna sentral avgjerd er A.P., Garcon og Nicot mot Frankrike frå 2017.86A.P., Garcon og Nicot v. Frankrike (79885/12, 52471/13, 52596/13). Eit av dei sentrale spørsmåla for EMD var om det var i strid med EMK artikkel 8 å stille vilkår om diagnosen kjønnsidentitetsforstyrring og krav om medisinsk undersøking for å kunne endre juridisk kjønn. Det andre sentrale spørsmålet var om det var i strid med EMK artikkel 8 å ha krav om sterilisering som føresetnad for å endre namn og juridisk kjønn, altså eit krav om at ein har gjennomgått kirurgi for å ha rett til dette.
Innleiingsvis presiserte EMD at tidlegare praksis frå domstolen om kjønnsidentitet hadde handla om rettsleg anerkjenning av kjønnsidentiteten til personar som hadde gått gjennom medisinsk kjønnsbekreftande behandling. Dette innebar likevel ikkje at ein kunne utleie at tilfelle der nokon ikkje hadde gått gjennom denne typen behandling fall utanfor bruksområdet til EMK artikkel 8, ettersom retten til privatliv etter føresegna gjeld fullt ut for kjønnsidentitet, som eit sentralt element i den einskilde sin identitet.87Ibid., avsn. 93-95.
Vidare uttalte EMD at statane har ein viss skjønnsmargin når det gjeld gjennomføringa av dei positive pliktene dei har etter føresegna. Ei rekkje tilhøve må vere del av vurderinga for å slå fast kor vid skjønnsmarginen er, mellom anna europeisk konsensus, om det er snakk om moralske og etiske spørsmål, og om det er snakk om eit vesentleg element i den personlege identiteten.88Ibid., avsn. 121. EMD peika på at det ikkje låg føre europeisk konsensus for eit krav om sterilisering for å endre namn og juridisk kjønn. Vidare peika domstolen på at offentlege interesser var på spel i saka, og at den reiste både sensitive, moralske og etiske problemstillingar. Samstundes leia betydninga saka hadde for identiteten og den personlege autonomien til klagaren til at ein måtte leggje til grunn ei smal skjønnsmargin.89Ibid., avsn. 123. Domstolen konkluderte med at ein ikkje kunne stille krav om kirurgi som innebar sterilisering mot vedkomande si vilje for å få endre juridisk kjønn eller på annan måte få anerkjenning av kjønnsidentitet.
I saka X og Y mot Romania frå 2021 tok EMD dette eit steg vidare, og slo fast at åtgangen til å endre juridisk kjønn ikkje kunne ha som vilkår at ein har gått gjennom kjønnsbekreftande behandling i form av kirurgi. Dette gjeld uavhengig av om behandlinga i praksis inneberer sterilisering.90X og Y v. Romania (2145/16).
I april 2023 avsa EMD ei avgjerd i O.H. og G.G. mot Tyskland.91O.H og G.G v. Tyskland (53568/17, 54741/18). Saka gjaldt ein forelder som var transmann, og barnet hans som han hadde fødd. Tyske styresmakter og domstolar hadde ikkje tillate forelderen å verte registrert som far til barnet, sjølv om han hadde endra det juridiske kjønnet sitt i 2011, to år før barnet vart fødd. Spørsmålet for EMD var om tyske styresmakter hadde ei positiv plikt etter EMK artikkel 8 til å anerkjenne forelderen som juridisk far. EMD kom i denne saka til at det låg føre ein vid skjønnsmargin, og at tyske styresmakter hadde «struck a fair balance» mellom interessene til klagarane, barnets beste og offentlege interesser. Det låg dermed ikkje føre ei plikt etter artikkel 8, eller brot på denne.
Så vidt NIM er kjent med har ikkje EMD hatt klårt høve til å ta stilling til det nærare innhaldet vernet av kjønnsidentiteten under EMK artikkel 8 når det gjeld ikkje-binære transpersonar og kva vilkår staten eventuelt kan stille for rettsleg anerkjenning. Samstundes må ein anta at statane per i dag har eit betydeleg handlingsrom på dette feltet, innanfor rammene menneskerettane set på dette feltet, men også her kan ein tenkje seg vidare rettsutvikling.92Sjå meir inngåande om dette i Hellum og Sørlie (2021), særleg kap. 1 og 2.
5.2 Norsk rett
Sentralt i norsk rett er lov om endring av juridisk kjønn. Lova gir personar som er busett i Noreg, og som opplever å tilhøyre «det andre kjønnet» enn det hen er registrert med i folkeregisteret, rett til å endre det juridiske kjønnet sitt, jf. § 2. Med «juridisk kjønn» er det meint det kjønnet ein er registrert med i folkeregisteret, jf. § 1. Føremålet med lova er å leggje til rette for at det juridiske kjønnet eins skal stemme overeins med kjønnsidentiteten eins.
Etter lova kan den som «opplever å tilhøre det andre kjønnet enn det vedkommende er registrert med i folkeregisteret» endre sitt juridiske kjønn. Utover dette er det ikkje andre vilkår. Lova stiller til dømes ikkje noko vilkår om ei bestemt diagnose eller medisinsk behandling. Vilkåret om «å oppleve å tilhøre det andre kjønnet» er eit subjektivt vilkår. Det er dermed i praksis berre den einskilde som kan avgjere om ein oppfyller vilkåret, og det finns heller inga form for kontroll med om vilkåret er oppfylt.93Prop. 74 L (2015–2016) s. 30–31.
Det følgjer av lov om juridisk kjønn § 6 at ein som hovudregel skal leggje til grunn den einskilde sitt juridiske kjønn i alle andre lover og forskrifter. Det følgjer vidare av føresegna at fødselskjønn, og ikkje juridisk kjønn, skal leggjast til grunn når det er naudsynt for å kunne etablere foreldreskap og foreldreansvar etter barnelova. Det følgjer også av føresegna at ein person som endrar det juridiske kjønnet sitt beheld rettar som følgjer av farskap, morskap eller medmorskap.
Også barn kan søkje om å endre juridisk kjønn. Det følgjer av § 4 i lova at barn som har fylt 16 år kan søke om endring av juridisk kjønn sjølve. For barn mellom 6 og 16 år må barnet søkje saman med den eller dei som har foreldreansvar for barnet. Dersom foreldre har felles foreldreansvar, men søknaden berre vert fremja saman med éin forelder, kan det juridiske kjønnet til barnet likevel verte endra dersom det er til det beste for barnet.
For endring av juridisk kjønn for barn under seks år kan dette verte gjort av den eller dei som har foreldreansvar for barnet. Det følgjer uttrykkeleg av føresegna at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt om saka, skal verte informert og gitt moglegheit til å uttale seg før søknaden vert fremja. For barn under seks år er det eit vilkår for endring av juridisk kjønn at barnet har ein medfødd usikker somatisk kjønnsutvikling, og søkjaren må leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell på denne tilstanden.
Per i dag er lova avgrensa til å endre til «det andre kjønnet» enn det ein er registrert med, jf. § 1. Det er med andre ord ikkje åtgang til å endre det juridiske kjønnet sitt til noko anna enn frå mann til kvinne, eller omvendt. I praksis inneberer dette at til dømes ikkje-binære per i dag ikkje er anerkjende i lovverket. 94I juridisk teori har det blitt reist spørsmål om lov om endring av juridisk kjønn utgjer direkte diskriminering på grunn av kjønnsidentitet, ettersom det ikkje er mogleg å endre juridisk kjønn til andre kjønn enn mann og kvinne. Det er også reist spørsmål om det utgjer diskriminering på grunn av kjønnsidentitet at ein ikkje har mekanismar i norsk rett for rettsleg anerkjenning av personar som ikkje identifiserer seg som mann eller kvinne. Sjå mellom anna Lars Arnesen, «Rettslig anerkjennelse av kjønnsmangfold: Bør registrering av juridisk kjønn avvikles?» i Hellum og Sørlie (2021), s. 112 pkt. 4.4, med vidare henvisningar.