Torsdag 9. februar skal Noreg verte høyrt i FNs kvinnekomité i Genève. NIM er blant aktørane som deltek i høyringa.
FNs kvinnekomité er det internasjonale overvakingsorganet til FNs kvinnekonvensjon. Komiteen har i oppgåve å overvake statar si etterleving av pliktene i konvensjonen. Som del av dette gjennomfører jamlege høyringar av statane, for å vurdere kor godt dei oppfyller konvensjonspliktene til å hindre diskriminering av kvinner.
Ein kan sjå høyringa av Noreg i opptak her.
Dette vert den tiande gongen Noreg skal verte høyrt av komiteen sidan Noreg ratifiserte Kvinnekonvensjonen i 1981.
Rapportar i forkant frå styresmaktane, NIM og andre aktørar
I forkant av høyringa har norske styresmakter levert ein eigen rapport til komiteen, der dei svarer på spørsmål frå komiteen og gjer greie for korleis dei sjølv meiner den norske staten oppfyller pliktene etter konvensjonen. I tillegg til at staten sjølv rapporterer til komiteen, lever også fleire andre organisasjonar og institusjonar eigne rapportar som supplerer statsrapporten.
NIM leverte sin supplerande rapport til komiteen 9. januar i år. I rapporten, som er utarbeida i samråd med Eldreombodet, tek NIM opp elleve ulike tema. Under høyringa vil NIM særleg fokusere på tre av temaa i rapporten. Desse er stoda for kvinner i fengsel, vald mot utsette grupper kvinner, og kvinners reelle åtgang til handheving av forbodet mot diskriminering. NIM vil også svare på eventuelle spørsmål komiteen måtte ha.
Les meir om NIMs supplerande rapport her.
Andre aktørar som Likestillings- og diskrimineringsombodet, Amnesty International Noreg, ein koalisjon av sivilsamfunnsorganisasjonar som arbeider med kvinner sine menneskerettar, samt Center for International Environmental Law og Greenpeace, har også levert eigne supplerande rapportar.
Kva skjer etter høyringa?
I etterkant av høyringa vil komiteen kome med tilrådingar til Noreg om korleis den meiner Noreg best kan etterleve sine plikter etter konvensjonen. Slike tilrådingar er ikkje rettsleg bindande, men dei gir viktig rettleiing om korleis norske styresmakter best kan etterleve pliktene sine til å hindre diskriminering av kvinner. Dei er derfor viktige verktøy for fremjinga og sikringa av kvinner sine rettar etter Kvinnekonvensjonen.
Vil du ha ei oversikt over tidlegare tilrådingar frå FNs Kvinnekomité, kan du finne dei i vår beta-teneste med oversikt over internasjonale tilrådingar til Noreg:
NIMs tjeneste for internasjonale tilrådingar (oversikt over FNs Kvinnekomités tilrådingar).