I motsetning til fleire andre minoritetsgrupper har ikkje lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og andre som bryt med samfunnet sine forventingar til kjønn og seksualitet ein menneskerettskonvensjon. Kvar finn ein eigentleg menneskerettane til skeive?
Sjølv om skeive sitt menneskerettslege vern ikkje er nedfelt svart på kvitt i brorparten av dei internasjonale menneskerettskonvensjonane, rår det ikkje noko tvil om at skeive har eit sterkt menneskerettsvern. Den gradvise framveksten av skeive sitt vern etter eksisterande internasjonale menneskerettskonvensjonane er temaet for denne artikkelen.
Ingen skeiv menneskerettskonvensjon
Menneskerettane er universelle. Det er rettar me alle har, uavhengig av kven me er. Skeive har, på lik linje med alle andre, grunnleggjande menneskerettar etter mellom anna FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, og Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK). Desse konvensjonane er også bygde på ålmenne menneskerettsleg prinsipp om likehandsaming og ikkje-diskriminering.
Einskilde grupper i befolkinga har etter kvart fått også eigne internasjonale menneskerettskonvensjonar som inneheld særlege rettar som supplerer dei som følgjer av dei meir generelle konvensjonane. Det har blitt gjort for å styrke utsette grupper sitt diskrimineringsvern. Eit døme er FNs kvinnekonvensjon, som gir særlege rettar til kvinner. Vidare gir FNs rasediskrimineringskonvensjon særlege rettar for etniske minoritetar, og FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne gir særlege rettar til personar med funksjonsnedsettingar. I tillegg har barn også særlege rettar etter FNs barnekonvensjon.
Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, og andre som bryt med samfunnet sine forventingar til kjønn og seksualitet, har ikkje ein eigen konvensjon på same måte som mange andre utsette grupper.
Skeive sitt menneskerettslege rettsvern etter menneskerettskonvensjonane har vekst fram gradvis. Det har skjedd gjennom at dei nemnte eksisterande menneskerettskonvensjonar har vorte tolka i lyset av utfordringane til og stoda for skeive gjennom praksisen til menneskerettslege overvakingsorgan, som Den europeiske menneskerettsdomstolen og FNs menneskerettslege overvakingsorgan.
Retten til ikkje-diskriminering og «other status»
Dei rettslege instrumenta me har for å verne om menneskerettane er alle bygd på eit grunnleggjande prinsipp om likehandsaming og ikkje-diskriminering, og fleire av dei inneheld eigne føresegner om dette. Eit døme er vår eiga Grunnlov, som i § 98 forbyr usakleg forskjellshandsaming.
I fleire av dei internasjonale menneskerettskonvensjonane har ein eit hakket meir spesifikt diskrimineringsvern. Eit døme er forbodet mot diskriminering som følgjer av EMK artikkel 14. Artikkel 14 slår fast at «The enjoyment of the rights and freedoms set forth in this Convention shall be secured without discrimination on any ground such as sex, race, colour, language, religion, political or other opinion, national or social origin, association with a national minority, property, birth or other status.” FNs konvensjon om sivile og politiske rettar og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar inneheld liknande føresegner om ikkje-diskriminering.
Verken seksuell orientering og kjønnsidentitet er nemnt eksplisitt i desse føresegnene. Men føresegnene inneheld ein samlebetegnelse for andre tilhøve ved ein person, «other status.» Dette diskrimineringsgrunnlaget gir rom for at diskrimineringsvernet i konvensjonen kan utvide og endre seg i takt med tida og tilhøva, i tråd med samfunnsendringar.
EMD har i sin praksis slått fast at «other status» i EMK artikkel 14 omfattar både seksuell orientering og kjønnsidentitet. FNs menneskerettskomité, som overvakar konvensjonen om sivile og politiske rettar har i nokre einskiltavgjerder innfortolka seksuell orientering inn i diskrimineringsgrunnlaget «sex».
Seksuell orientering og kjønnsidentitet som del av retten til privatliv
Ein av rettane som har vore sentral i utviklinga av skeive sitt menneskerettslege vern er retten privatliv, som følgjer av EMK artikkel 8. Det konkrete innhaldet i denne retten har vorte utviklinga gjennom praksisen til Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Dom har ved slått fast at både seksuell orientering og kjønnsidentitet er omfatta av EMK artikkel 8.
EMD har ved fleire høve slått fast at omgrepet «privatliv» i EMK omfattar den fysiske og psykiske integriteten til ein person, og at dette inkluderer seksuell orientering Eit sentralt døme var Dudgeon mot Storbritannia frå 1981, som omhandla lovgjeving som forbaud seksuelle handlingar mellom menn. Her sto EMD fast at slik lovgjeving utgjorde eit brot på Dudgeon sin rett til privatliv, som «included his sexual life – a most intimate aspect of private life». EMD har slått fast det same i ei lang rekkje andre dommar.
EMD har også slått fast at også kjønnsidentitet er omfatta av vernet om retten til privatliv. Spørsmålet har vore oppe for EMD fleire gongar, mellom anna i 2002 i saka Christine Goodwin mot Storbritannia. Domstolen tok her stilling til om Storbritannia hadde plikt til å formelt anerkjenne kjønnsidentiteten til personar som har gjennomgått kjønnsbekreftande behandling ved å la dei endre juridisk kjønn. EMD kom til at staten hadde ei slik plikt. Om kjønnsidentitet som del av privatlivet uttalte domstolen at
«Under Article 8 of the Convention in particular, where the notion of personal autonomy was an important principle underlying the interpretation of its guarantees, protection was given to the personal sphere of each individual, including the right to establish details of their identity as individual human beings.»
Året etter kom van Kück mot Tyskland. Der uttalte domstolen at «gender identity is one of the most intimate areas of a person’s private life» og vidare at «the very essence of the Convention being respect for human dignity and human freedom, protection is given to the right of transsexuals to personal development and to physical and moral security.» EMD har opprettheldt at kjønnsidentitet er del av retten til privatliv i ei rekkje seinare avgjerder.
Skeive kvinner, barn, etniske minoritetar og folk med funksjonsnedsetjingar
Også dei meir spesialiserte menneskekonvensjonane har hatt betydning for utviklinga av det skeive menneskerettsvernet. Sjølv om det ikkje eksplisitt nemnast at skeive har noko vern etter ordlyden i kvinnekonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen, og konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne, har også desse konvensjonane hatt betydning for utviklinga av menneskerettsvernet for skeive.
Både FNs kvinnekomité, FNs rasediskrimineringskomité, FNs barnekomité og FNs komité for menneske med nedsett funksjonsevne har, på ulikt vis i praksis, tatt opp utfordringar som skeive kvinner, skeive barn, skeive med etnisk minoritetsbakgrunn, og skeive med funksjonsnedsetjingar møter. Dette har dei gjort både i generelle kommentarar om korleis konvensjonane skal tolkast, i avgjerder i einskildsaker, og i tilrådingar til enkeltstatar.
Pågåande utvikling
Skeive sitt menneskerettsvern har blitt drive fram gradvis ved at skeive sjølv har tatt sine saker til nasjonale domstolar og etter kvart EMD, FNs menneskerettslege overvakingsorgan, og andre menneskerettsmekanismar. Sjølv om skeive i stor grad ikkje har hatt status som sjølvstendig menneskerettsleg subjekt, har lesbiske, homofile, bifile og transpersonar etter kvart fått eit sterkt menneskerettsleg vern, mellom anna mot diskriminering, som ein finn i praksisen til dei internasjonale menneskerettsorgana. Denne utviklinga er i stadig utvikling.
Avslutningsvis er det verdt å nemne at det finns menneskerettslege instrument som eksplisitt anerkjenner skeive som menneskerettssubjekt. Eit døme er diskrimineringsforbodet i artikkel 21 i EUs Charter om fundamentale rettar, som eksplisitt inneheld seksuell orientering som eit verna diskrimineringsgrunnlag. Fleire yngre menneskerettsinstrument er også meir eksplisitte etter sin ordlyd på at dei også omhandlar skeive.
FNs for menneskerettar uttalte følgjande i 2021 om skeive sitt menneskerettsvern, og mangelen på eigne menneskerettsinstrument for skeive:
«Protecting LGBT people from violence and discrimination does not require the creation of a new set of LGBT-specific rights, nor does it require the establishment of new international human rights standards. The legal obligations of States to safeguard the human rights of LGBT people are well established in international human rights law on the basis of the Universal Declaration of Human Rights and subsequently agreed international human rights treaties. All people, irrespective of sex, sexual orientation or gender identity, are entitled to enjoy the protection provided for by international human rights law, including in respect of private life, security of person and privacy, the right to be free from torture, arbitrary arrest and detention, the right to be free from discrimination and the right to freedom of expression, association and peaceful assembly.»
Kort sagt: Skeive har eit sterkt menneskerettsleg vern etter dei gjeldande menneskerettskonvensjonane, sjølv om dei ikkje har sin eigen.