Vald i nære relasjonar – eit menneskerettsleg problem

Kvinne med ryggen til kamera som sitter ved et kjøkkenbord overfor en mann som drikker kaffe.

Av Mina Haugen, rådgjevar i Noregs institusjon for menneskerettar.

Vald i nære relasjonar er eit alvorleg menneskerettsproblem i Noreg. NIM er spent på kva tiltak den nye regjeringa vil setje i verk.

I dag, torsdag 25. november, er FNs internasjonale dag for avskaffing av vald mot kvinner. Dagen er meint å setje søkjelyset på eit verdsomspennande samfunnsproblem.

Kjønnsbasert vald utgjer stadig eit av dei mest utbreidde og systematiske menneskerettsbrota i verda. Ifølgje FN vert kvar tredje kvinne i verda utsett for vald minst ein gong i løpet av livet.

Også i Noreg utgjer dette eit alvorleg samfunnsproblem. Om lag kvart fjerde drap i Noreg er eit partnardrap. I fjor vinter leverte Partnardrapsutvalet ei utgreiing der dei presenterte funna av ein gjennomgang av 19 partnardrap som fann stad i perioden 2014 til 2017. Utvalet peika på at det i alle dei gjennomgåtte sakene hadde førekome partnarvald i forkant av sjølve drapet. Utvalet peika også på store og systematiske utfordringar i både politiet og hjelpeapparatet si risikovurdering og handtering av sakene.

Desse utfordringane er ikkje berre eit alvorleg samfunnsproblem. Det er også eit stort menneskerettsleg problem, og staten har ei menneskerettsleg plikt til å førebygge, hindre og nedkjempe vald. Dette følgjer av fleire av dei internasjonale menneskerettskonvensjonane som Noreg er rettsleg bunden av, mellom anna EMK, FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, og FNs kvinnekonvensjon. Sistnemnde identifiserer òg kjønnsbasert vald som ei form for menneskerettsstridig diskriminering.

I år er det òg ti år sidan Istanbulkonvensjonen, Europarådets konvensjon om førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og i nære relasjonar tredde i kraft. Konvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2017, inneheld eit omfattande og heilskapleg rammeverk for korleis styresmaktene skal gjennomføre plikta til å førebygge og nedkjempe vald mot kvinner og i nære relasjonar i praksis. Den inneheld mellom anna føresegner om opplæring av fagfolk, krav til krisesenterdekning, tiltak for å gi vern til valdsutsette, forsking på og datainnsamling om vald, åtgang for valdsutsette til å krevje skadebot, og plikt til finansiering av førebyggingstiltak, for å nemne eit knippe. Staten er  forplikta etter konvensjonen til å arbeide målretta og koordinert på alle myndigheitsnivå.  Konvensjonen anerkjenner òg eit viktig premiss, nemleg at vald i nære relasjonar i stor grad er eit kjønna fenomen.  Sjølv om vald i nære relasjonar kan råke alle kjønn, er det i aller størst grad kvinner som er utsett.

Plikta til å førebygge og nedkjempe vald i nære relasjonar kvilar altså på styresmaktene sine skuldrar. I august kom Solberg-regjeringa med ein etterlengta handlingsplan mot vald i nære relasjonar, «Frihet fra vold». Handlingsplanen, som inneheldt 82 tiltak fordelt på seks ulike innsatssområde, er meint å bidra til gjennomføringa av pliktene i Istanbulkonvensjonen.

Sidan då har me fått eit maktskifte i regjeringskontora. NIM er spente på korleis, og om den nye regjeringa vil følgje opp handlingsplanen frå den førre regjeringa. Samstundes er det ikkje oppfølginga av handlingsplanen aleine som eventuelt vil definere den nye regjeringa sitt arbeid mot vald mot kvinner. Det avgjerande er kva tiltak som faktisk vert satt i verk.

NIM ser fram til å sjå kva den nye regjeringa vil gjere for å oppfylle Noregs menneskerettslege plikt til å førebygge og nedkjempe vald nære relasjonar. Det er framleis ein svært lang veg å gå før me nærmar oss å kunne seie at kjønnsbasert vald er avskaffa – både i verda og i Noreg. Me vonar at me innan 25. november neste år har kome nokre steg vidare.