Europarådet sin konvensjon for førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar fyller ti år i dag. Tiåringen får ei noko turbulent feiring.
I dag er det ti år sidan Istanbulkonvensjonen var opna for signatur. Konvensjonen, som er Europarådet sin konvensjon for førebygging og nedkjemping av vald mot kvinner og vald i nære relasjonar, blei til i Istanbul 11. mai 2011, og tråtte i kraft 1. august 2014. Alle medlemsstatane i Europarådet, men unntak av to, har underteikna konvensjonen. Av statane som har signert konvensjonen har 34 ratifisert den. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2017.
Menneskerettsleg nyvinning
Istanbulkonvensjonen er ei menneskerettsleg nyvinning. Medan mange eldre menneskerettskonvensjonar inneheld generelt formulerte rettar og tilhøyrande plikter for staten, inneheld Istanbulkonvensjonen konkrete og svært detaljerte plikter for staten om korleis den kan førebygge, avverje, nedkjempe, etterforske og straffeforfølge vald mot kvinner og vald i nære relasjonar.
Staten er allereie i stor grad forplikta til å førebygge og nedkjempe vald mot kvinner og vald i nære relasjonar gjennom andre menneskerettskonvensjonar, til dømes Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Det som er nytt med Istanbulkonvensjonen er at den gir eit omfattande og heilskapleg rammeverk for korleis staten skal gjennomføre denne plikta i praksis. Den inneheld mellom anna føresegner om opplæring av fagfolk, krav til krisesenterdekning, tiltak for å gi vern til valdsutsette, forsking på og datainnsamling om vald, åtgang til å krevje skadebot til finansiering av tiltak, for å nemne eit knippe.
Basert på menneskerettsdomstolspraksis
Føresegnene i Istanbulkonvensjonen er i stor grad basert på langvarig praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), som penslar ut innhaldet i staten si plikt etter EMK til å hindre vald. Konvensjonen vert derfor gjerne omtalt som ein «gjennomføringskonvensjon», og fungerer som ei oppskrift på korleis staten kan førebygge, avverje nedkjempe, etterforske og straffeforfølge alle former for vald mot kvinner og i nære relasjonar.
Konvensjonen er tufta på eit premiss om at ikkje noko tiltak aleine kan førebygge vald mot kvinner og i nære relasjonar. Konvensjonspartane er derfor forplikta etter konvensjonen til å arbeide målretta og koordinert på alle myndigheitsnivå.
Tilbakeslag internasjonalt
Istanbulkonvensjonen har blitt hylla som eit viktig og effektivt verktøy i arbeidet mot vald mot kvinner og i nære relasjonar. Mykje tyder på at konvensjonen har hatt ei positiv effekt i statane der den har blitt implementert. Det er med andre ord god grunn til å feire konvensjonen sin tiårsdag.
Feiringa får likevel ein bismak. Konvensjonen står nemleg under press internasjonalt. Tyrkia, konvensjonens fødeland og den første staten som signerte konvensjonen, trakk seg frå konvensjonen i mars i år. Polske styresmakter har også signalisert at dei ynskjer å trekkje seg frå konvensjonen.
Fleire fryktar no at fleire statar skal trekke seg, og at det vil innebere store tilbakesteg, både for kampen mot vald og for menneskerettar generelt. Det europeiske nettverket for nasjonale menneskerettsinstitusjonar, ENNHRI, har uttalt at
“withdrawal from the Istanbul Convention represents a step back for the protection of human rights in Europe. Certain population groups who, due to discrimination and stereotyping for their gender, gender identity or sexual orientation are disproportionately affected by human rights violations, including acts of violence, will see a reduction in the level of protection they enjoy.”
I same fråsegn oppfordrar ENNHRI Europarådet sine medlemsstatar om ratifisere og implementere Europarådets menneskerettskonvensjonar, inkludert Istanbulkonvensjonen, og å arbeide aktivt for å etterleve sine menneskerettslege plikter til å førebygge og avverje vald.
Heile pressemeldinga til ENNHRI.
Ti år til med Istanbulkonvensjonen
Istanbulkonvensjonen representerer gullstandarden for korleis ein stat kan arbeide målretta og heilskapleg for å nedkjempe og førebygge vald mot kvinner og vald i nære relasjonar. Vald mot kvinner og i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, i Noreg så vel som i andre europeiske statar. Det er derfor viktig å stå opp for konvensjonen som eit av dei viktigaste verktøya me har i arbeidet for eit samfunn fritt frå vald. Slik får me ti nye år med Istanbulkonvensjonen.