NOU 2023: 13 – «På høy tid. Realisering av funksjonshindredes rettigheter.»

NIM-H-2024-046
Høyringssvar til NOU 2023 13 - På høy tid. Realisering av funksjonshindredes rettigheter. (pdf) 239.95 KB

NIM meiner utgreiinga gir eit breitt og godt grunnlag for vidare arbeid med å styrke realiseringa av menneskerettane til personar med funksjonsnedsetjingar, både etter CRPD og andre menneskerettskonvensjonar. NIM vil understreke at ei grundig oppfølging av utgreiinga, saman med ei rekkje andre utgreiingar om rettane til personar med funksjonsnedsetjingar av nyare dato er eit viktig steg for å sikre og styrke realiseringa av menneskerettane personar med funksjonsnedsetjingar. NIM meiner også at det er viktig med ei menneskerettsleg tilnærming i oppfølginga og at det vert løyva tilstrekkeleg med ressursar til dei ulike aktørane som skal gjennomføre tiltaka som vert iverksett, og at personar med funksjonsnedsetjingar sine sivilsamfunnsorganisasjonar vert involvert i oppfølginga.