Innan Pride 2023 skal NIM lage ein rapport om innhaldet i det menneskerettslege vernet til lhbit+-personar.
Oppdatering: Rapporten er ferdig og publisert her:
Prosjektperiode
Februar 2023 – Juni 2023
Prosjektbeskrivelse
Menneskerettane er universelle. Det inneberer at dei gjeld for ein kvar. Homofile, transpersonar, personar med interkjønn og andre som på ulikt vis bryt med samfunnet sine forventingar til kjønn og seksualitet har, på lik linje med andre, rettar etter mellom anna Grunnlova og internasjonale menneskerettskonvensjonar.
Einskilde grupper i befolkninga har etter kvart fått også eigne internasjonale menneskerettskonvensjonar, som inneheld særlege rettar som supplerer og penslar ut diskrimineringsvernet som følgjer av dei meir generelle konvensjonane. Desse vert gjerne omtalt som FNs ikkje-diskrimineringskonvensjonar, og har blitt til for å styrke desse gruppene sitt vern mot diskriminering og realiseringa av rettane deira.
Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, personar med interkjønn, og andre som bryt med samfunnet sine forventingar til kjønn og seksualitet, har ikkje noko eige menneskerettsleg instrument på tilsvarande måte som fleire andre utsette og historisk diskriminerte grupper. Dei er heller ikkje eksplisitt nemnde som menneskerettslege subjekt i nokre av dei eksisterande internasjonale eller regionale menneskerettslege instrumenta. Skeive sitt menneskerettslege vern etter menneskerettskonvensjonane har derimot vekst fram meir gradvis. Det har skjedd gjennom at eksisterande menneskerettskonvensjonar har vorte tolka i lyset av utfordringane til og stoda for skeive gjennom praksisen til menneskerettslege overvakingsorgan, og særleg praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Også i norsk rett har rettane til skeive vekse gradvis fram. Først gjennom innføringa av ikkje-diskrimineringsføresegner mellom anna i arbeidslovgjevinga og lova om likestilling mellom kjønna frå 1978. Eit generelt forbod mot diskriminering av skeive kom likevel først med lov mot forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i 2013, eit vern som nå no vidareført i likestillings- og diskrimineringslova frå 2016. Skeive har etter kvart blitt inkludert i straffelova sine føresegner om hatkriminalitet. Likekjønna ekteskapslov og lov om endring av juridisk kjønn har også vore sentrale utviklingar.
Ei følgje av denne gradvise utviklinga er at det nærare innhaldet i skeive sitt menneskerettslege vern er fragmentert og vanskeleg tilgjengeleg. Vidare er det menneskerettslege rettskjeldebiletet og utfordringane noko ulike mellom dei ulike gruppene som fell inn under lhbti+-akronymet.
Med rapporten vil NIM auke kunnskapen om det nærare innhaldet i det menneskerettslege vernet skeive har etter Grunnlova og internasjonale menneskerettskonvensjonar som Noreg er bunden av, og kva menneskerettslege plikter styresmaktene har overfor den skeive befolkninga. Vidare vil rapporten gjere greie for korleis norsk rett per i dag gjennomfører desse menneskerettslege pliktene.
Prosjektleder/kontaktpunkt
Prosjektformål
Målet med rapporten er å auke kunnskapen om det nærare innhaldet i det menneskerettslege vernet skeive har etter Grunnlova og internasjonale menneskerettskonvensjonar som Noreg er bunden av, og kva menneskerettslege plikter styresmaktene har overfor den skeive befolkninga.