Lhbti+-personar har, som alle andre, menneskerettsvern etter mellom anna anna Grunnlova og internasjonale konvensjonar. Blant desse er FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP), FNs konvensjon om økonomiske og sosiale rettar (ØSK), og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Desse konvensjonane er bygde på ålmenne menneskerettslege prinsipp om likehandsaming og ikkje-diskriminering.
Samstundes har ikkje lhbti+-personar ein eigen menneskerettskonvensjon som gir dei vern på bakgrunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet, slik fleire andre utsette og historisk diskriminerte grupper har. Dei er heller ikkje eksplisitt nemnde som eigne menneskerettslege subjekt i dei eksisterande internasjonale eller regionale menneskerettslege instrumenta.
Skeive har likevel eit breitt og omfattande menneskerettsvern på ei rekkje ulike samfunnsområde, på lik linje med andre. Innhaldet i skeive sitt menneskerettslege vern etter dei internasjonale menneskerettskonvensjonane har vakse gradvis fram, og har vore gjenstand for ei betydeleg utvikling Også i norsk rett har rettane til skeive vakse gradvis fram.
Ei følgje av denne gradvise utviklinga er at det nærare innhaldet i skeive sitt menneskerettslege vern er fragmentert og vanskeleg tilgjengeleg. Vidare er det nokre ulikskapar i det menneskerettslege kjeldebiletet og utfordringane til dei ulike gruppene som fell inn under lhbti+-forkortinga.
Føremålet med denne rapporten er å gjere greie for det nærare innhaldet i delar av det menneskerettslege vernet til skeive, for å auke kunnskapen om dette vernet og kva menneskerettslege plikter styresmaktene har overfor den skeive befolkninga på desse områda.
Rapporten gir ei overordna oversikt over det menneskerettslege vernet skeive har etter norsk rett og dei ulike internasjonale menneskerettskonvensjonane Noreg er bunden av, på fire utvalde område. Dei fire områda er:
- Vern mot diskriminering
- Vern mot hets, trakassering og hatefulle ytringar
- Retten til kjønnsidentitet
- Vern mot vald og overgrep
Ein sentral del av menneskerettsvernet er at rettane vert sikra i praksis. Utan kunnskap om menneskerettane skeive har, er det vanskeleg å etterleve og handheve dei. Me vonar at denne rapporten kan vere eit verktøy for alle som arbeider med og er opptekne av skeive sine menneskerettar.
Les rapporten her: