I rapporten tek NIM opp til saman elleve tema. Rapporten er utarbeida i samråd med Eldreombodet.
Sentrale tema er etterforsking og straffeforfølging av vald mot kvinner, straffelova sine føresegner om seksuallovbrot, krisesentertilbodet, og vald mot utsette grupper av kvinner. I rapporten tek NIM også opp mellom anna hets og hatprat mot kvinner, reforma av Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda, helserettar for papirlause kvinner, barnefattigdom, og oppfølging av tidlegare tilrådingar frå Kvinnekomitéen og andre menneskerettslege overvakingsorgan.
Rapporten er skrive i forkant av den tiande høyringa av Noreg i FNs kvinnekomité den 9. februar 2021.