Denne artikkelen kan du også lese på nordsamisk her.
Denne veka, 24. til 30. oktober, vert samisk språkveke markert. Samisk språkveke er til for å vise fram og løfte opp dei samiske språka, slik at fleire får vite kva samisk språk og kultur inneberer. Målet er at dei samiske språka skal verte sett og høyrde over alt gjennom veka.
Språk spelar ei grunnleggjande rolle i kvardagen til alle menneske. Språk er eit verktøy for kommunikasjon, utdanning, sosialt samspel og utvikling. I tillegg er språk eit viktig uttrykk for den einskilde sin identitet, kulturelle historie og bakgrunn, tradisjonar og minner.
Utrydningstruga språk
Ifølgje UNESCO finns det om lag 6000 til 7000 språk i verda. Fire prosent av desse vert snakka av 97 prosent av befolkninga i verda. Mange språk står i fare for å døy ut, fordi dei ikkje vert tilstrekkeleg mykje brukt.
Av dei tre offisielt anerkjende samiske språka i Noreg er alle rekna som truga. UNESCO har klassifisert nordsamisk som eit truga språk, medan sørsamisk og lulesamisk er klassifisert som alvorleg truga. Derfor er det viktig å ha moglegheit til å kunne lære seg samisk, og at dei samiske språka vert brukt og synleggjort i det offentlege.
Menneskerettsleg vern for samiske språk
Dei samiske språka har eit menneskerettsleg vern etter Grunnlova. Etter Grunnlova § 108 skal dei statlege styresmaktene «leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv». Denne har ein nær samanheng med FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, som også gir føringar for mellom anna samisk språk.
I tillegg har samisk eit vern etter fleire andre konvensjonar, inklusive minoritetsspråkspakta som gir eit særleg vern til regions- og minoritetsspråk. Noreg ratifiserte minoritetsspråkpakta i 1993, og definerer mellom anna nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk som minoritetsspråk i Noreg. Desse språka er dermed verna av pakta for Noreg sin del.
Samiske språkrettar – i språklova, samelova og opplæringslova
Samiske språkrettar kjem til syne fleire stader i det norske lovverket. I språklova § 5 vert det I språklova § 5 vert det slått fast at samisk er urfolksspråket i Noreg, og at samiske språk og norsk er likeverdige språk. Språka er også jamstilte.
Kapittel 3 i samelova gjev ei rekkje rettar til å bruke samisk i møte med ulike offentlege organ. Til dømes følgjer det av samelova § 3-2 at lover og forskrifter av særleg interesse for heile eller delar av den samiske befolkninga skal verte omsett til samisk. Særleg viktig er sameloven § 3-3, som seier at den som henvender seg til eit lokalt offentleg organ innanfor det samiske forvaltningsområdet, har rett til å få svar på samisk. Den som henvender seg skriftleg på samisk til eir regionalt offentleg organ i forvaltningsområdet, til dømes Statsforvaltaren, har rett til å få skriftleg svar på samisk.
Kapittel 3 i samelova gir også utvida rett til bruk av samisk i mellom anna helse- og omsorgssektoren, og i rettsvesenet.
Vidare inneheld opplæringslova ei rekkje rettar for barn i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa til opplæring i og på samisk. Innanfor forvaltningsområdet for samisk språk har samiske elevar i grunnskulen rett til opplæring i samisk og til å få anna undervisning på samisk. Alle samiske elevar i grunn- og vidaregåande skole har rett til opplæring i samisk, uansett kvar i landet dei bur.