Den 3. desember er FNs internasjonale dag for personar med nedsett funksjonsevne. Dagen er til for å setje fokus på og skape medvit om stoda for funksjonshemma og rettane deira. Funksjonshemma opplever framleis barrierar for å realisere menneskerettane sine i praksis. Ein av desse rettane er ytringsfridomen.
Dette året har NIM hatt eit særleg fokus på stoda for funksjonshemma sin ytringsfridom. I mai i år publiserte NIM rapporten «Funksjonshemmedes ytringsfrihet – åtte utfordringer». I rapporten peikar NIM på barrierar som hindrar funksjonshemma i å ta ytringsfridomen sin i bruk i praksis, på lik linje med andre.
Ytringsfridomsbarrierar for funksjonshemma
I rapporten, som byggjer på ei undersøking NIM har gjennomført, fann me fleire utfordringar for ytringsfridomen til funksjonshemma.
Den første utfordringa er manglande informasjon. Tilgjengeleg informasjon er ein føresetnad for å kunne ta ytringsfridomen i bruk. Undersøkinga viser at mange funksjonshemma opplever utfordringar med å få tilgang til informasjon. Utilgjengelege nettsider, nettaviser, appar, og manglande tolking og teksting gjer at mange ikkje får den same tilgangen på informasjon som personar utan funksjonshemmingar.
I tillegg er mange fysiske stadar der offentleg ordskifte finn stad ikkje tilgjengelege for funksjonshemma, anten fordi sjølve staden ikkje er utforma eller tilrettelagt på ein måte som gjer det tilgjengeleg, eller fordi det ikkje let seg gjere å kome seg til og frå. Manglande tilgjenge fører til at mange funksjonshemma ikkje får reell åtgang til ytringsfridomen sine arenaar.
Også hets, trakassering og hatefulle ytringar utgjer ei utfordring for funksjonshemma sin ytringsfridom. Fleire av personane NIM intervjua i undersøkinga, og særleg unge, har opplevd hets og trakassering retta mot dei på grunn av funksjonsnedsetjinga deira.
Eit anna funn i rapporten er at mange funksjonshemma vegrar seg også for å kritisere eller klage på tenester dei er avhengige av, på grunn av redsel for å miste tenestene dersom dei fremjar kritikk. Frykten for represaliar gjer at funksjonshemma sensurerer seg sjølve, fordi ein er redd for å bli oppfatta som vanskeleg, eller å bli møtt med utestenging eller diskriminering.
Fleire funksjonshemma opplever også usynleggjering og stigmatiserande framstilling i media, samt nedsettande haldningar, fordommar og umyndiggjering i kvardagen elles, som gjer det vanskelegare å ytre seg og å bli høyrt. Mange opplever også at utilstrekkeleg tilgang på personleg assistanse i kvardagen gjer at dei ikkje kan vere så aktive i politikk, frivillig arbeid og i det offentlege ordskiftet som dei eigentleg ynskjer.
Funksjonshemma sin ytringsfridom i fokus
Ytringsfridomsutfordringane til funksjonshemma har også vore fokus hjå andre det siste året. I august kom Ytringsfridomskommisjonen si utgreiing. I utgreiinga vert ytringsfridomsutfordringane funksjonshemma opplever løfta særleg fram.
Funna i NIM sin rapport stemmer også overeins med kritikk som funksjonshemma sine sivilsamfunnsorganisasjonar har fremja over lengre tid. I år kom også Unge Funksjonshemmede med rapporten «Til maktens korridorer» om politisk deltaking blant unge med funkjsonsnedsetjingar og kronisk sjukdom, som peiker på mange av dei same utfordringane.
Ytringsfridomsproblem og samfunnsproblem
Det er viktig at funksjonshemma sine ytringsfridomsutfordringar får større merksemd og vert tekne tak i. Ytringsfridomen er ein av våre viktigaste menneskerettar. For det første er den eit viktig verktøy for å få realisert andre menneskerettar. Barrierane funksjonshemma opplever for ytringsfridomen sin gjer at det også er vanskeleg å få skapt merksemd om andre menneskerettsutfordringar funksjonshemma opplever.
For det andre skal ytringsfridomen sikre grunnleggjande samfunnsverdiar, som fri meiningsdanning, demokrati og sanningssøken. Det får ein ikkje til når ei så stor gruppe som funksjonshemma – om lag ein femtedel av befolkninga – risikerer å ikkje få ytringsfridomen sin realisert. At ein så stor del av befolkninga ikkje har reell tilgang til dei ulike romma der ordskiftet finn stad, og der avgjerder vert fatta, er eit demokratisk problem.
Les NIM-rapporten «Funksjonshemmedes ytringsfrihet – åtte utfordringer» her
Les Ytringsfridomskommisjonen si utgreiing her
Les rapporten «Til maktens korridorer» her