Den 21. april 2022 er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Dagen er ei viktig markering av kor langt kampen for lhbti-personar sine menneskerettar har kome, og ei påminning om kampane som framleis står att.
Den 21. april 1972 oppheva Stortinget § 213 i straffelova. Paragrafen slo fast at:
«Finder utugtig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller som medvirker dertil, med fængsel indtil 1 aar».
Opphevinga av § 213 var ein viktig siger for den skeive rettigheitsrørsla, og eit viktig steg nærare like rettar for alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.
Det er óg 40 år sidan Den europeiske menneskerettsdomstolen slo fast at forbod mot homofili er eit brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). I saka Dudgeon mot Storbritannia, slo domstolen fast at at straffeføresegner som kriminaliserer homofili, som til dømes den norske § 213, er brot på retten til privatliv etter EMK.Nyleg kom óg FNs kvinnekomité med ei avgjerd i ei klagesak mot Sri Lanka, der komiteen uttalte at kriminalisering av seksuelt samkvem mellom kvinner ikkje var i tråd med FNs kvinnekonvensjon.
Mykje har endra seg sidan 1972. Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar har eit mykje sterkare rettsvern enn for 50 år sidan. I dag er diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk forbode etter likestillings- og diskrimineringslova. Hatkriminalitet og hatefulle ytringar mot lhbt-personar er også forbode etter straffelova. Onsdag 20. april 2022 kom statsminister Jonar Gahr Støre óg med ei orsaking på vegne av norske myndigheiter for korleis myndigheitene har kriminalisert og straffeforfølgd skeive.
Samstundes finns det utfordringar for lhbti-personar sine menneskerettar, både i Noreg og i verda elles. Levekårsundersøkingen viser at skeive framleis har verre levekår enn befolkinga elles. Særleg transpersonar opplev verre levekår. Om lag ein av tre transpersonar har blitt utsatt for seksuelle overgrep, og ein av fire har fått trugsmål om vald. Lhbti-personar opplev også store tilbakeslag internasjonalt, mellom anna i Russland, Polen, Ukraina og Ungarn.
Avkriminaliseringsdagen er derfor er ei viktig markering av like menneskerettar for alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Dagen er óg ei påminning om kampane som framleis står att, og at ingen kampar er vunne for godt.